4 stk Babyribs
BBQ/grillkrydder
1 Koke i lettsalta vatn, ca. 30 – 40 min, til lett møre.
2 Krydre på begge sider med BBQ/grillkrydder.
3 Steike ca. 10 min på kvar side, 200 – 225 grader midt i omnen.
4 Smøre med glace. Steike vidare ca. 10 min på kvar side – til sprø/bobler i overflata
Barbecueglasur
(ca. 1 porsjon – 4 ribs)
1 dl barbecuesaus
½ dl ketsjup
½ dl HP saus
1 ss worchestersaus
2 ss Aksie-/sommerhonning
½ – 1 fedd kvitlauk
1 – 2 ss finhakka chili
(1/2 ts timian)
Pisk saman. Kan stå i kjøleskåp nokre dagar. Bruk berre på slutten av steiketida, då glacen kan bli svidd.

Saftige spareribs skal ein leite lenge etter!